Feiing i Fjord kommune

Feiing i Fjord kommune

I år skal det feiast i Stordal, Norddal og i Eidsdal med oppstart i veke 38. No vil dei aller fleste abonnentane få beskjed på SMS og kunden må svare på at meldinga er motteken.

Dei som ikkje ligg inne i varslingssystemet  med registrert mobilnummer på adressa si, vil få lapp i postkassen eller på døra som før.

Husk å finne fram stige, pass på at takstigen er montert fast og om det skal takast ut sot må feiaren ha tilgang til sotluka.