Eldre ut på middag!

Eldre ut på middag!

Klikk for stort bileteFjord kommune har fått tildelt midlar frå Statsforvaltaren til å invitere alle heimebuande eldre over 65 år ut på ein betre middag. 

Dette er planlagt å skje i veke 35 (30. august - 3. september), og kommunen vil samarbeide med fleire lokale aktørar.

Formålet med tilskotet er å motverke konsekvensar av sosial isolasjon og å legge til rette for at innbyggarane igjen kan vere del av eit sosialt fellesskap, etter at vaksinasjonen er gjennomført. Det vil bli ein liten eigendel (inntil kr 100) for middag, dessert og kaffi. Om nokon har behov for transport vil dette bli finansiert gjennom tilskotsordninga.

Vi er i gang med planlegginga og kjem med meir informasjon i starten av august, men håper at alle som er i målgruppa (65+) merkar seg tidspunktet og følgjer med i lokalavisa, på plakatar og på kommunen si heimeside når alt er klart for påmelding.

Tilskotet er i tråd med regjeringa si kvalitetsreform Leve heile livet, der mat og måltid er eitt av fem satsingsområde.

Om du ikkje er over 65 sjølv, kan du tipse andre som er i målgruppa; ven, nabo, mor/far, bestemor/bestefar eller oldemor/oldefar.

Følg med!