Eldre ut på middag - andre bordsetning

Eldre ut på middag - andre bordsetning

Klikk for stort bileteFjord kommune har fått midlar frå Statsforvaltaren til å invitere alle heimebuande eldre over 65 år ut på ein betre middag. Er du i målgruppa og deltok du ikkje i veke 35 - så er du med dette invitert ut på middag på ein lokal serveringsstad i veke 38. 

Andre bordsetning
I veke 35 hadde vi over 200 påmeldte og no ønskjer vi at dei som av ulike grunnar ikkje kunne vere med i første bordsetting skal få ei ny muligheit 20. eller 22. september.

 

Eldre ut på middag

Målet er å kunne treffast i sosialt lag etter lang tid med få eller ingen møteplassar tilgjengeleg.
Målgruppe: 65 år eller eldre, heimebuande (ikkje institusjon), Fjord kommune, Liabygda.
Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo i målgruppa som vil vere med!

Tilskotet er i tråd med regjeringa si kvalitetsreform Leve heile livet, der mat og måltid er eitt av fem satsingsområde.

Slik gjer du det

Du kan sjølv velje kva serveringsstad i kommunen du ønskjer.
Fyll ut skjema nedanfor og kryss av for ønska dag og stad.
Meld helst på ein person i gongen. 
Send inn.

Påmelding innan 16. september

Vi oppmodar om å bruke påmeldingsskjemaet, men du kan også ta kontakt med frivilligsentralen for spørsmål og påmelding, telefon 905 29 164.

NB! Det er avgrensa tal plassar på dei ulike stadane. 
Er det for få påmeldte den dagen du ønskjer vil du få tilbod om ein annan dag. Vi tek kontakt.

Praktisk info

Middagen startar kl 17.00 på begge serveringsstadane.
Smittevernreglane vert følgt.
Tilbodet er gratis.

Representantar frå Fjord kommune vil vere til stades.

Skyss

Har du behov for skyss til/frå serveringsstaden bestiller du direkte til transportør.
Transporten er gratis.
Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
Frå Stordal/Dyrkorn - Storfjord turbuss, telefon 95753897 

Plakat (PDF, 449 kB)

Serveringsstadane i Fjord står klar til å ta imot deg!


Velkomne!

Eldre ut på middag - andre bordsetting


Felt merka med * må fyllast ut