Eit godt møte med næringslivet

Eit godt møte med næringslivet

Fjord kommune takkar alle deltakarane for oppmøte og innspel under næringsutviklingsmøtet i Stordalshallen onsdag kveld.

Ein viktig møteplass for å bli betre kjende med kvarandre, dele erfaringar og synspunkt.

Presentasjonen rundt framtidig organisering av næringsutviklingsarbeidet og næringsplan i Fjord kommune var hovudtemaet for kvelden.

Fjord kommune vil innan kort tid kome tilbake med eit opplegg for tilbakemelding på det som blei presentert denne kvelden, noko som vert ein del av prosessen fram mot vedtatt næringsplan.

I det ligg også at presentasjonen vert gjort tilgjengeleg for alle andre som ikkje hadde høve til deltaking denne kvelden.