Digitalt bygdemøte om plassering av ferjekai i Eidsdal

Digitalt bygdemøte om plassering av ferjekai i Eidsdal

Fylkeskommunen inviterer i samarbeid med Fjord kommune og arbeidsgruppa for Eidsdal sentrum til møte om plassering av ferjekai i Eidsdal. Det finst mange moglegheiter, og Fylkeskommunen ønsker å få innspel frå innbyggarane og svare på spørsmål. Dette skal dei ta med seg vidare til Samferdselsutvalget som skal vurdere kva alternativ dei ønskjer å gå for. Det er derfor viktig at du deltek for å få informasjon slik at du kan formidle dine meiningar og synspunkt. Du kan kople deg opp via teamslenka nedanfor. Møtet startar kl 17.00 og det er mogleg å kople seg opp for å teste på førehand.


Vedlagt er invitasjonen, og filer som kan vere nyttige om du ønsker å prøve deg fram med dine eigne tankar om plassering. Skriv ut, klipp opp og prøv ut!

Teams innkalling

Innbyding til digitalt bygdemøte  (PDF, 386 kB)

Oppstillingsfelt A3 (PDF, 113 kB)

Kart Eidsdal A3 (PDF, 290 kB)

Ferjekai A3 (PDF, 9 kB)

Ferje A3 (PDF, 24 kB)