Digital sommarkonsert med kulturskuleelevar frå Stordal

Digital sommarkonsert med kulturskuleelevar frå Stordal

Klikk for stort bilete Den tradisjonelle sommarkonserten med kulturskuleelevar var i år ikkje mogleg å gjennomføre grunna koronasituasjonen og smittevernomsyn.

Lærarane i Stordal bestemte seg difor for at dei ville lage ein «digital sommarkonsert» i staden for; som ein felles video der mange av kulturskuleelevane deltek. I denne videoen får no alle som har lyst, både foreldre, besteforeldre og bygdefolket ellers, likevel høve til å sjå og høyre dei dyktige elevane våre. Her er både pianistar, songelevar, elevar med treblås- og messinginstrument, gitar og fele, og dei framfører mykje flott musikk som dei har øvd på gjennom vårhalvåret.  Det er rett og slett imponerande kva dei har fått til, med tanke på at mykje av opplæringa denne våren har blitt gitt som fjernundervisning med digitale hjelpemiddel.

Sjå konserten her

Og med dette vil elevar og lærarar i Stordal ønske alle saman ein riktig GOD SOMMAR.