Demenskoordinator på plass

Demenskoordinator på plass

Bilde av Siv Støvreide som ser mot kamera - Klikk for stort bilete Fjord kommune

Siv Ingeborg Støvreide har starta som demenskoordinator hos oss. Saman med kollegaene skal ho vidareutvikle eit godt tilbod for personar med demens.

Ho skal mellom anna vere ein samtalepartnar i organisasjonen, og gi råd og veiledning til pårørande.

Siv Ingeborg bor på Sjøholt, og er utdanna sjukepleiar. Ho har vidareutdanning innan miljøterapi i demensomsorga.