Dansekurs

Illustrasjon dans - Klikk for stort bilete

Fjord kulturskule arrangerer på nytt dansekurs, og inviterer alle elevar frå 1.-10. trinn til å melde seg på!

Kurset vil gå over seks veker, med undervisning på tysdagar, i tidsrommet frå kl. 16.30 - ca. 19.00. Elevane vil bli delt inn i gruppe etter alder. Det må vere minimum fem påmeldte til kvar gruppe for at vi skal kunne gjennomføre. Kurset vert avslutta med deltaking på kulturskulen si sommarforestilling 8.juni.

Varigheit: Tysdag 25.april – tysdag 6.juni (med undervisningsfri tysdag 16.mai)

Lærar: Karianne Vikene, ein dyktig lærar med lang erfaring frå kulturskuleundervisning, både innan musikk og dans.

Stad: Valldal, Martin Linge-huset

Dag/tid: Tysdagar frå kl. 16.30 – 19.00 (To grupper, dei yngste først)

Pris: kr. 600

Påmelding på elektronisk søknadsskjema

Vi ber om at alle som vil vere med melder seg på innan tysdag 11.april. Plassane vert fylt opp fortløpande, så det er «førstemann til mølla» 😊

Har de spørsmål?
Ta kontakt med konstituert rektor Thea Marie Ytterdal, tlf: 415 76 702, epost: thea.marie.ytterdal@fjord.kommune.no