Bruk av idrettsanlegg

Bruk av idrettsanlegg

Fjord kommune registrerer Fotballforbundet si oppmoding om førebels å stenge kunstgrasbaner – også for uorganisert aktivitet.

Med bakgrunn i den avgrensa aktiviteten som ein har registrert på banene i Fjord kommune, ønskjer ein førebels ikkje å kategorisk stenge for uorganisert aktivitet. Dette blir fortløpande vurdert.

Organisert trening er sjølvsagt forbode.

Dersom fleire oppheld seg i lag på bana, gjeld gode smittevernreglar der også.

Ver gjerne saman med dei du til vanleg er saman med i husstanden, eller i mindre - men faste grupper på maks 5 personar.