Bli med på dansekurs!

Bli med på dansekurs!

Dans på Supersommar Bjørg Jacobsen  

Fjord kulturskule inviterer til dansekurs for elevar i 1.-10. klasse. Kurset går over seks veker, med undervisning på fredagar.

Fjord kulturskule arrangerer i haust dansekurs og inviterer no alle elevar frå 1.-10. trinn til å melde seg på!

I vår var det fleire born og unge som meldte interesse for tilbodet og har stått på venteliste. Dei får no høve til å stadfeste plassen sin, og så opnar vi i tillegg for at fleire kan søkje om plass.

Kurset vil gå over seks veker, med undervisning på fredagar, i tidsrommet frå kl. 16.30-ca. 18.30. Elevane vil bli delt inn i grupper etter alder. Den siste veka vil det i tillegg bli ei litt lengre økt på laurdag, med ei lita framsyning for familie og vener til slutt.

Oppstart: Fredag 29. oktober

Lærar: Karianne Vikene
Karianne er ein dyktig lærar med lang erfaring frå kulturskuleundervisning, både innan musikk og dans.

Stad: Valldal, Martin Linge-huset

Dag/tid: Fredagar frå kl. 16.30 – 18.30 (To eller tre grupper, dei yngste først.)

Pris: kr. 500

Påmelding via elektronisk søknadsskjema

Vi ber om at alle som vil vere med melder seg på seinast onsdag 20. oktober.
Plassane blir fylt opp fortløpande, så då er det «førstemann til mølla». Dersom det blir god påmelding og stor interesse for kurset satsar vi på å gi eit liknande tilbod også i vårsemesteret.
Invitasjonen (PDF, 140 kB)

Har de spørsmål? Ta kontakt med rektor Gøril Vidhammer tlf 916 999 39.