Årets StikkUT-premie!

Årets StikkUT-premie!

No er det klart for å bestille premie til seg sjølv eller andre som har vore med på Stikk UT!

Det er gratis å vere med, men viss du vi ha krus eller skål i premie må du bestille og betale den sjølv.
Frist 30. september.

Alle som har registrert sju Stikk UT!-turar eller fleire (seks for barn opp til ti år) kan bestille Stikk UT!-krus eller Stikk UT!-skål i nettbutikken. Årets motiv er inspirert av nysatsinga Stikk UT Sammen, og kunstnaren er som tidlegare år Signe Louise Aasen frå Kristiansund.

Du bestiller og betalar via nettbutikken til Sunnmøre friluftsråd her.

Premien kan du hente på rådhuset eller kommunehuset etter sesongslutt. Du får beskjed på e-post når det er klart for henting.

Stikk UT!