Ansvarleg vertskap

Ein person framfor eit lerret - Klikk for stort bileteKommuneadvokat Øystein Vartdal Riise informerer om alkohollova. Fjord kommune

Det var godt oppmøte då Fjord kommune inviterte dei som har sals- og skjenkeløyve til eit dialogmøte med fokus på ansvarleg vertskap og ansvarleg sal. 

Løyvehavarane for sals- og skjenkeløyve og dei som er vara for løyvehavarane var spesielt invitert. Det er i alt 26 løyve i kommunen i dag.

Ruspolitisk handlingsplan

Møtet er eitt av tiltaka i Ruspolitisk handlingsplan 2021-2024 (kapittel 6. Tiltak) og skal gjennomførast annakvart år: Samhandlingsmøte mellom kommunen og næringa for å sikre ein god dialog om sals- og skjenkeløyve og praksis i næringa. Løyvehavarane pliktar å delta. 

E-læringskurs om ansvarleg vertskap er eit anna tiltak i planen.

Tema for møtet

Illustrasjon - Klikk for stort bileteMøte om ansvarleg vertskap og ansvarleg sal 17. april 2023. Fjord kommune

Det var fleire innleiarar som belyste ulike tema på møtet. Paul Gabor frå KORUS Midt (Kompetansesenter RUS Midt-Norge) snakka om ansvarleg vertskap og politiet ved Ingrid Korsnes Hildre fortalte om korleis dei oppfattar utelivet og ungdomsmiljøet i Fjord i dag. Inge Teigen og Oddbjørn Nilsen frå Stranda og Fjord brann og redning tok for seg brannsikkerheit og internkontroll og Magne Olav Strømme frå Securitas snakka om sals- og skjenkekontroll.

Til slutt fekk vi ei orientering om alkohollova med fokus på reklameforbodet ved kommuneadvokat Øystein Vartdal Riise. Det var mange som hadde spørsmål til dette temaet.

Vi trur at møtet var nyttig og vi oppmodar til å ta kontakt med innleiarane eller Fjord kommune om de har spørsmål knytt til tema på møtet.

Lenke til førehandsomtale av dialogmøtet.

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06