Alternativ drift - kulturskule

Alternativ drift - kulturskule

I kulturskulen ønskjer vi i denne krevjande perioden å oppretthalde eit tilbod til elevane våre. Mange born og unge opplever no ein svært uvant kvardag med m.a. mykje ekstra fritid, og då er det viktig å ha gode og positive aktivitetar å fylle denne tida med.

Vi kontaktar difor elevar/føresette for å gi tilbod om undervisningsopplegg gjennom ei form for fjernundervisning, etter avtale med dei føresette. Dette gjeld dei elevane som har individuell undervisning eller undervisning i små grupper, og det er sendt ut informasjon på epost til alle desse frå kulturskulen. Lærarane tek vidare direkte kontakt med heimane for å gjere avtalar og informere om opplegget. Dersom nokon av dei føresette tenkjer at dette ikkje passar i den situasjonen familien er i no og ikkje ønskjer å ta i mot tilbodet, er det sjølvsagt berre å gi beskjed om dette til lærar.  

Undervisning og oppfølging av elevar gjennom digitale system er nokså nytt og uvant for oss alle, men vi håpar at vi saman kan finne gode løysingar som fungerer i tida framover.