Aktivitetsdag i Valldal aktivitetspark

Aktivitetsdag i Valldal aktivitetspark

Klikk for stort bilete Valldal aktivitetspark Fjord kommune ønskjer å samle barn og unge i alderen 7-18 år til kjekke opplevingar for å bli betre kjent med kvarandre. Onsdag 1. juli inviterer vi til Valldal aktivitetspark. Aktivitetsdagen er gratis.

Buss frå Best Stordal kl. 10 og retur frå Valldal aktivitetspark kl. 15. Servering av frukt og lunsj.

NB! Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene. Eventuelt kan de gjere avtale med andre føresette (maks 4 barn under 12 år per vaksen).

Det er begrensa antal plassar, så her blir det først til mølla! All aktivitet blir gjennomført etter anbefalingar og pålegg frå sentrale og lokale myndigheiter. 

Vi ønskjer også kontakt med frivillige over 18 år som kan tenke seg å vere med på turen.

Det vil bli fleire aktivitetsdagar seinare i sommar – følg med når dei blir lagt ut!

Påmeldingsfrist er 25. juni. Meir informasjon blir sendt ut til påmeldte i forkant av turen.

For å delta må det fyllast ut eigenerklæringsskjema i forkant som de tek med.

Klikk for stort bilete Barnas supersommar er støtta av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet.

Bjørg Jacobsen
Dagleg leiar frivilligsentral i Stordal
E-post
Telefon 418 67 836