#1omdagen

#1omdagen

Vi treng frisk luft for å ha det bra!
Med kampanjen #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirere nordmenn til å kome seg ut kvar dag. Hugs at naturen er open 24/7!

Klikk for stort bilete Bjørnar Midtbust  

Trass i vintertid og koronatiltak er det viktig å kome seg ut i frisk luft ein gong for dag for å ta vare på både den fysiske og den psykiske helsa vår.

Vi vil minne om at sjølv om mykje er stengt, er naturen framleis open.
Forskning viser at berre 10 minutt i grøne (eller snøkvite!) omgjevnadar senkar stressnivået, og gjer at vi får det betre.

Her i Møre og Romsdal kan du også velje mellom mange StikkUT! -turmål - både skiturar og vinterfotturar.

 

Norsk Friluftsliv har mange tips til ting å gjere i friluft og målet er at det skal vere så lett at alle kan gjere det på sin måte.

#1omdagen er ei oppfordring til å kome seg ut av døra minst ein gong kvar dag:

  • Sett deg på ein stubbe og nyt dagslyset
  • Luft nokon sin hund
  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag
  • Ta eit gå-møte på jobben
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå ut og tenn eit bål i lag med nokon du er glad i
  • Gå ein kveldstur med hovudlykt
  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke
  • Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk
  • Gå på fuglesafari i nærmiljøet
  • Gå ut og øv deg på kart og kompass

 

Norsk friluftsliv håper at hugseregelen #1omdagen kan gi mange ein ny grunn og motivasjon til å kome seg ut.

Kjelde: Norsk friluftsliv

Stikk ut! God tur!

 

Klikk for stort bileteKakao på tur Silje S Grønning