Alle interesserte seniorar er velkomne til samlingane. Vi er alle – både rettleiarar og deltakarar – nybegynnarar innan Seniornett og dermed i ein spennande læringsfase, men saman kan vi finne fram til ei god organisering og eit aktuelt innhald.
Vi legg i første omgang stor vekt på grunnleggande digitale ferdigheiter. Ta gjerne med det digitale utstyret du brukar mest, slik at vi kan skaffe oss oversikt over behov, nivå og moglegheiter.
Seniornett Stordal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. Vi oppmodar alle deltakarar om å melde seg inn i Seniornett Norge, og på den måten få del i det som Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse.
Stordal Frivilligsentral har vaffeldag på torsdagar, så det blir høve til å kjøpe seg vafler og kaffi. Absolutt ingen skal føle at dei kan for lite til å delta!
Vel møtt!