Olsoksøndag med pilegrimsvandring

kl. 11.30: Pilegrimsvandring frå Rem til Alstad
kl. 13.00: Friluftsgudsteneste med kyrkjekaffi på Alstad

Dato
28. juli 2024
Tid
11:30 - 15:00
Stad
Alstad (ved Gudbrandsjuvet)

Pilegrimsvandringa

Vandringa er ca 3 km, og på denne strekninga er det sett opp 4 krossar. Ved kvar av desse vert det ein stopp der vi syng ei salme og har nokre ord om det å vere pilegrim. Diakonimedarbeidar Frode Stenberg-Eriksen leier vandringa.

Oppmøte på Rem, skilta frå hovudvegen. 

Vandring til Olavskjelda

Astor Furseth tek med dei som ynskjer det til Olavskjelda og Olavshellaren etter gudstenesta. Han vil fortelle historia knytt til desse stadane.

 

Informasjon om hendinga

Arrangør

Den norske kyrkja/Storfjorden kyrkjelege fellesråd