-
Dato
-
20. november 2023
-
Tid
-
10:30 - 12:30
-
Stad
-
Fjord bibliotek - Valldal
Seniornett er eit datatilbod til seniorar i Fjord kommune.
Det er samling på biblioteket i Valldal annan kvar måndag (oddetalsveker) kl. 10.30-12.30.
Tema for samlingane vert lagt ut på Seniornett Valldal si nettside.
Bruk av eigen telefon, pc eller nettbrett. Det blir nytta materiell frå Seniornett sentralt.
Seniornett vert leia av Kjell Rønning og Magne Krogh på frivillig basis.
Du er velkomen til å møte opp utan påmelding. Men om du ønskjer informasjon og påminning om tema i forkant av kvar samling kan du melde deg på ved å sende ein epost til frivillig@fjord.kommune.no eller ta kontakt med frivilligsentralen på telefon 418 67 806. Skriv om du ønskjer informasjon på messenger eller via sms.
Vel møtt!
Meir om digihjelp i Fjord
Arrangør
-
-
Seniornett Valldal / Frivilligsentralen i Fjord