-
Dato
-
13. juni 2023
-
Tid
-
12:00 - 14:00
-
Stad
-
Grindløa ved leirduebana på Øygarden i Valldal
Vi ønskjer velkomen til naturmøteplassen ved leirduebana på Øygarden i Valldal. Her vert det bålkaffi og noko å bite i annankvar tysdag kl 12-14.
Det er ein fin tur å gå til grindløa frå Døving eller Sylte. Det er også mogleg å parkere like ved, bruk merka p-plass litt nedanfor grindløa.
Ta gjerne med deg kopp og sitjeunderlag.
Naturmøteplassen er ein uformell lågterskel møtestad der alle er hjarteleg velkomen innom til kaffi og ein prat. Det finst slike naturmøteplassar i regi av friluftsrådet fleire stadar på Sunnmøre, sjå her.
Vi takkar Valldal Jeger og fiskeforening som velvillig stiller grindløa si til disposisjon.
God tur! Stikk innom for ein prat! Alle er hjarteleg velkomne!
NB! Vinterstid kan det vere utfordringar med snø langs turvegen og mindre kapasitet på parkeringsplassen. Naturmøteplassen kan bli avlyst ved stort snøfall.
Arrangør
-
-
Frivilligsentralen i Fjord i samarbeid med Sunnmøre friluftsråd og frivillige vertar