Bokslepp av Liv-Randi Bjørlykke

Bokslepp i Valldal: Ospahjellen i fokus
No har også Ospahjellen fått bok. Garden der folk sleit meir enn dei fleste, 420 meter over havet.

Dato
14. oktober 2022
Tid
14:00 - 16:00
Stad
Biblioteket Valldal

Sterke musklar var ikkje nok, han måtte vere sterk i trua, Gunder Aspehjell, når kornet han planta, fraus vekk, og eine uåret avløyste det andre.
For å fø familien drog han til Finnmark om vinteren. Der tente karane pengar på trandamping. I dag er det gløymt at 80 mannfolk frå indre Sunnmøre tok seg sesongarbeid om etterjulsvinteren. Ivar Kleiva laga ei namneliste over desse røffe karane som sikkert fraus meir enn godt var, i opne robåtar på Finnmarkskysten, for å halde liv i kone og born heime.
Han fekk tre born med Nikoline frå Ytterli, og desse små laut Nikoline ha ansvaret for åleine i tre månader om gongen. For å nå omverda laut ho ta med seg borna dei 400 metera ned til robåten. Vinters dag var det nesten uråd. Stien var bratt og glatt. Og kven skulle bere matskrin og klede? Fantasien strekk ikkje til når ein skal forstå korleis dei levde.

No er «alt» om Ospahjellen kome i ei bok, ført i pennen av Liv Randi Bjørlykke.
- Det var Turid Aspehjell i Tafjord som tok kontakt med meg for eit par år sidan, seier Bjørlykke.
Turid hadde samla fleire permar med stoff om historia til garden og hadde lyst å dele alle forteljingane, dei fyrste heilt frå Olav den heilage si tid. Kongen rodde forbi, og etterlet seg stadnamn som Pengehola og Snushornet.
På 1700-talet vart det notert i tingbøkene at «det er forbundet med livsfare» å gå i land, så bratt var sjoavegen, og dei mangla vatn.
Men i 1890 kom det ein optimist som ikkje skydde sveitte og motbakkar. Han heitte Gunder S. Ytterdal, og etterkomarane hans har eigd garden i fire generasjonar og held han ved like med god hjelp frå Storfjordens Venner.
På biblioteket i Valldal vil Turid og Gunnar Aspehjell fortelje, Bjørlykke vise lysbilete, og der blir servert kaker til alle som møter fram.

Arrangør

Biblioteket Fjord