Naturmøteplassen

Frivillige vertar ventar på deg med bål, kaffi og noko attåt i grindløa.

Dato
4. oktober 2022
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Grindløa ved leirduebana på Øygarden i Valldal

Vi ønskjer velkomen til naturmøteplassen ved leirduebana på Øygarden i Valldal. Her vert det bålkaffi og noko å bite i annankvar tysdag kl 12-14.
23. august - 6. september - 20. september - 4. oktober - 18. oktober - 1. november - 15. november - 29. november - 13. desember.

Det er ein fin tur å gå dit frå Døving eller Sylte. Det er også mogleg å parkere like ved, bruk merka p-plass litt nedanfor grindløa. Ta gjerne med deg ein kopp - og sitjeunderlag om du vil.

Det er Sunnmøre friluftsråd som står bak naturmøteplassen, i samarbeid med frivilligsentralen og frivillige vertar. Naturmøteplassen er ein uformell lågterskel møtestad der alle er hjarteleg velkomen innom til kaffi og ein prat. Det finst slike naturmøteplassar i regi av friluftsrådet fleire stadar på Sunnmøre. Naturmøteplass Sunnmøre friluftsråd

Vi takkar Valldal Jeger og fiskeforening som velvillig stiller grindløa si til disposisjon.

God tur! Stikk innom for ein prat!

 

Arrangør

Frivilligsentralen i Fjord i samarbeid med Sunnmøre friluftsråd