På pilegrimsveg frå Valldal til Dovre

Tysdag 26.  oktober får vi besøk av Hans-Jacob Dahl frå Pilegrimssenter Dovrefjell. Han har mellom anna vore med på å skrive guideboka for Valldalsleia, og har gått pilegrimsleia fleire gonger. Han vil vise bilde og fortelje om turen frå Valldal til Dovre og kulturminna undervegs.

 

 

Dato
26. oktober 2021
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Biblioteket Valldal

I samband med prosjektet «Valldal 2029» inviterer vi til ein møteserie på biblioteket i Valldal der det blir sett fokus på Valldalsleia, Olavstradisjonen og Nasjonaljubileet 2030 Norge i tusen år. Vi inviterer forfattarar og andre med kunnskap og kjennskap til dette til samtalar kring desse temaa.

Arrangør

Fjord kommune