Praktisk informasjon

Klikk for stort bileteI 2019 skal det gjennomførast kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er måndag 9. september

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Fjord kommune allereie er sett i drift.  Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Fjord kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 23 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag den 9.september må du stå i manntalet. Du har rett til å bli innført i manntalet i den kommunen du er folkeregisterført som busett 30. juni 2019. Om du har flytta før denne dato, må folkeregisteret ha mottatt flyttemelding seinast 30. juni for at du kan bli innført i manntalet i den kommunen du flytter til. Meir informasjon finn du på www.valg.no.

Manntalet for Fjord kommune ligg ute til offentleg ettersyn frå veke 29  t.o.m valdagen på følgjande stader:

  • Servicetorget i rådhuset i Valldal
  • Servicekontoret i kommunehuset i Stordal
  • Coop Eidsdal

Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje står der, kan du sende inn skriftleg, grunngjeve krav om dette til Fjord valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal.

Du kan også kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 70 25 88 00/ 70 27 91 00, eller kontakte oss på e-post: post@norddal.kommune.no eller postmottak@stordal.kommune.no.

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva vallokale du høyrer til. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det vil gå raskare for deg å røyste dersom du tar det med.

Førehandsrøysting

Førehandsrøyster for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 vert tatt imot ved servicetorget i rådhuset i Valldal og ved servicekontoret i kommunehuset i Stordal frå kl. 09.00-15.00, i perioden 12. august t.o.m 6. september 2019.

Det vert også førehandsrøysting laurdag den 31.08.19 ved omsorgsbustaden i Eidsdal frå kl. 11.00-13.00, på servicetorget i Valldal frå kl. 14.00-16.00 og ved servicekontoret i Stordal frå kl. 14.00-16.00.  

Er du forhindra frå å røyste på valdagen eller førehandsrøyste, kan du søkje om å få avlegge tidlegrøyst frå 1. juli – 12. august.

Dersom du ønskjer å førehandsrøyste bør du ta med deg valkort. Husk legitimasjon!

Institusjonsval

Det vert institusjonsval ved:
Valldal sjukeheim måndag den 02.09.19 frå kl. 11.00-12.30
Stordalstunet onsdag den 04.09.19 frå kl. 10.00-12.00

Ambulerande røysting

Dersom du ikkje kan møte opp i røystelokale på valdagen på grunn av sjukdom eller uførleik, kan du sende søknad til valstyret og be om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Frist for å søkje om ambulerande røysting vert sett til 4. september 2019.

Adressa til valstyret er Fjord valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal, ev e-post til: post@norddal.kommune.no  eller postmottak@stordal.kommune.no.