Vellykka pensjonisttreff

Klikk for stort bilete Alle tre pensjonistlaga i Norddal og Stordal var samla til Fjordafest i grendasalen i Stordal torsdag kveld med Liabygda- og Stordal pensjonistlag som vertskap.

Guri Åsen frå Fosnavåg formidla på ein svært god måte gamle historier, blant anna gjengitt i «Segn og tru frå Møre»,  og historia om Vollvikbokken. Her vart mange gode minner trekt fram, og for nokre var dette svært forklarande i høve gamle ord og uttrykk.

Fjordafesten vart ein sosial og triveleg kveld med mykje latter, og gode minner.

Pensjonistlaget i Liabygda- og Stordal brukar å arrangere 4-5 dagars turar, og desse er populære i alle laga. Det gjeld å vere litt kjende med dei en skal reise saman med, og derfor har dei fleire samankomstar gjennom året.

I august 2018 gjekk turen til Vauldal ved Røros, og det var «TOBBEN» Torbjørn Arntsen som var sjåfør. Han var med på Fjordafesten og kunne fortelje om fleire turar som er planlagde. Også vertinna frå Vauldal Fjellhotell, Jorid, var komen til festen, og kunne vise bilete og fortelje om plassen til alle frammøtte. Dette vart mimrekveld for dei som hadde vore med, og ei flott omvisning i tekst og bilde for alle andre.

På festen var det sjølvsagt tale for dagen og den var halden av Tore Hoel. Han siterte blant anna Haldis Moren Vesås og fortalde fleire historier om bryllaupsfestar.

Marianne Skuggerud spelte til allsongen og den store forsamlinga var tydeleg nøgde med kvelden.