Utlysing av konkurranse - kommunevåpen og ordførarkjede

Fjord_kommune - Klikk for stort bilete Det vert lyst ut open konkurranse for kommunevåpen og ordførar kjede til Fjord kommune. Frist for innsending av forslag er fredag 1. mars 2019.

Intensjonsavtalen signert av Norddal og Stordal komune skriv dette slik;

«Det skal startast eit arbeid med å etablere nytt kommunevåpen og nytt ordførarkjede. I konstruksjonen av nytt ordførarkjede er det eit ønske om at tidlegare kommunevåpen er ein del av utsmykkinga. Denne prosessen kan også vere gjenstand for konkurranse»

Fellesnemnda oppfordrar spesielt skular og barnehagar i den nye kommunen til å engasjere seg. Det vi ønsker med en open konkurranse er å skape engasjement og ei idemyldring der vi får fram gode idear. Samskaping er viktig for Fjord kommune, og vi legg vekt på at aktørane skal føle eigarskap til det som vert utvikla.

Når du deltek i konkurransen, godkjenner du ved levering at din idè til komunevåpen eller symbol til ordførarkjede vert nytta i den vidare prosesen  til fellesnemnda.

Etter fristen er gått ut, vil alle innsendte forslag bli lagt ut på heimesida til Fjord kommune.

Det er av fellesnemnda sett ned ein fagury og ein folkejury som vil rangere dei innsendte forslaga. Desse to juryane skal kvar for seg arbeide sjølvstendig, men til slutt kome fram til tre forslag.  Avgjerd om kommunevåpen for Fjord komune skal takast i fellesnemnda etter delegert mynde frå dei to kommunestyra jamf vedtak i kommunesyra i sak, 061/17 NK og sak 040/17 SK.

Det er nye retningsliner for utarbeiding av kommunevåpen frå 01.01.2018. Det nye regelverket tilseier at dei heraldiske prinsippa ikkje lenger skal nyttast, og kommunevåpenet skal ikkje lenger godkjennast av Kongen i statsråd.

 https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommunereform/Nyheter-kommunereform/kommunevapen-og-kommuneflagg/id2558418/

 

Slik deltek du

  1. Teikn eit våpenskjold så stort som råd innanfor eit A4-ark.
  2. Fyll ut våpenskjoldet med motivet som du meiner bør symbolisere Fjord kommune. Forslaget kan vere ei skisse – det er ideen som blir vurdert.
  3. Skriv ein kort beskrivande tekst og grunngi kva du har foreslått.
  4. Bilde eller motiv til ordførarkjede kan leverast etter same mal.
  5. Arket/fila/biletet av teikninga må ikkje innehalde tekst. Skriv forklaringa på kva du har teikna, kvifor og din kontaktinformasjon på eit eige ark eller i e-posten, men ikkje på teikninga. Teikninga skal kunne presenterast åleine og anonymisert.

Her er nokre råd om kommunevåpen:

  • Kommunevåpenet er eit offisielt merke som skal vere varig, og bør derfor vere formelt og uavhengig av trendar i dag.
  • Motivet må vere lett gjenkjenneleg og representere den nye kommunen på ein god måte.
  • Fargane bør vere reine og klare utan nyansar og sjatteringar.
  • Motivet bør fylle skjoldflata godt, vere forenkla og utan unødvendige detaljar.
  • Våpenet bør vere enkelt å kjenne igjen.

Symbola i ordførarkjede kan spegle aktivitetar og historie frå kommunen. Det kan vere kopiar av symbola i dei to eksisterande ordførarkjeda, eller ein kan føreslå heilt nye.

Vi håper på stort engasjement der alle som har gode idear vil sende inn eit forslag til kommunevåpen eller kome med forslag til symbol som skal pryde ordførarkjede.

Forslag kan leverast til postmottaka i Stordal og Norddal, eller sendast i post til Norddal kommune, pb. 144, 6211 Valldal.

 

Kontaktpersonar:

Gudmund Relling, prosessleiar kommunevåpen
Epost: gudm-re@online.no 
Telefon 941 58 016

 

Hilde Dyrkorn, prosjektleiar for Fjord kommune
Epost: hilde.dyrkorn@norddal.kommune.no 
Telefon.702 58 862 / 952 56 201