Utkast til kommunevåpen

Frist for innlevering av forslag til kommunevåpen og ordførarkjede er no omme, og vi har fått inn 130 forslag til kommunevåpen. Det er og kome inn beskriving av ordførarkjede og eksempel for oppbygging av kjede.

Fagjuryen og folkejuryen har sitt fyrste møte onsdag 13. mars på rådhuset i Valldal. Nemnda vil starte arbeidet fram mot innstilling av tre eksemplar av kommunevåpenet til fellesnemnda. Ein reknar med å behandle saka i fellesnemnda i mai 2019.