Står du i manntalet?

Klikk for stort bilete

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag den 9.september må du stå i manntalet. Du har rett til å bli innført i manntalet i den kommunen du er folkeregisterført som busett 30. juni 2019.

Om du har flytta før denne dato, må folkeregisteret ha mottatt flyttemelding seinast 30. juni for at du kan bli innført i manntalet i den kommunen du flytter til. Meir informasjon finn du på www.valg.no.

Manntalet for Fjord kommune ligg ute til offentleg ettersyn frå veke 29  t.o.m valdagen på følgjande stader:

  • Servicetorget i rådhuset i Valldal
  • Servicekontoret i kommunehuset i Stordal
  • Coop Eidsdal

Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje står der, kan du sende inn skriftleg, grunngjeve krav om dette til Fjord valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal.

Du kan også kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 70 25 88 00/ 70 27 91 00, eller kontakte oss på e-post: post@norddal.kommune.no eller postmottak@stordal.kommune.no.