Ny kommunalsjef på plass

Klikk for stort bilete Charles Tøsse er no på plass som kommunalsjef for oppvekst og kultur i Fjord kommune.

Charles var ordførar i Stordal kommune frå 2003 til 2015, og har sidan 2015 vore på fylkestinget for Høgre. Han er utdanna lærar. Han har vore rektor ved Liabygda skule, og dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Norddal næringhage (no Fjordhagen).