MOT-kommune

Klikk for stort bilete Fellesnemnda har i sak  26/18 24.04.2018 vedteke at Fjord kommune skal verte ei MOT- kommune. Dette inneber at skulane  gjennomfører grunnprogrammet Robust ungdom, i tillegg til to program  der skulen og kommunen som samfunnsbyggjar er med.

Administrasjonssjef i Fjord kommune, Karl Andre Birkhol, legg vekt på at det ikkje er skulane åleine som skal ta ansvar og vere MOT-ambassadørar. Her skal heile kommunen delta og det er viktig med forankring i kommunen si leiargruppe.

 

Litt om dei som er valt ut til å vere coachar;

Klikk for stort bilete Maria Dvergsdal, er 33 år, gift med Hans Martin Gjedrem og har to barn på 3 og 5 år. Ho er frå austlandet, men bur på Krikane i Valldal. Maria driv gard i tillegg til arbeid ved sidan av.

Ho er miljøterapeut med erfaring frå barnevernsinstitusjon/ barnevernsarbeid, skule og som sjølvstendig næringsdrivande med tiltak for barn og unge på eigen gard. Ho er brennande engasjert i utviklande og helsefremjande tiltak for barn og unge, med den bagasjen dei måtte ha. Ho er svært dyreglad, og har ein mastergrad i folkehelsevitenskap der bruk av hest i miljøterapi for barnevernsarbeid blei systematisk utvikla som metode. 

Klikk for stort bilete Robin Aasen, 31 år og sambuar med Hanne Lilleås Staurset. Han er født og oppvaksen i Stordal, og jobbar  no som lærar på Stordal Skule. Han har utdanning frå forsvaret og har arbeidd der i fleire år, samt drive musikkstudio ved sidan av. Han brukar mykje av fritida si på både idrett og musikk, og har vore fotballtrenar for seniorlaget til Stordal/Ørskog i over 2 år.

 

Litt om prosessen framover;

Dei tre ungdomsskulane signerte eigne kontraktar med MOT, og administrasjonssjefen har signert  for kommunen som samfunsbyggjar. Slik sikrar ein brei forankring og at dette vert arbeidd med i alle tre skulane, hjå tilsette i kommunen, og at det vert forankra i lag og organisasjonar.

Det skal  i fyrste omgang vere to coachar i Fjord kommune. Det har vore mange namn på blokka, og ein har valgt å legge vekt på at dei to som skal vere coachar skal utfylle kvarandre, kunne støtte kvarandre i arbeidet, og vise eit tydeleg engasjement.

MOT coachane  Maria og Robin, deltok 17. oktober på minimot-kurs på Valldal skule, der dei etter å ha gjennomført ein forventningssamtale, holdt eit mini mot-seminar på 30 minutt. Dette vart evaluert og drøfta etter tilbakemelding frå elevane som deltok i samlinga, før representanten frå stiftinga MOT, gjorde den endelege godkjenninga av coachane.

Saman med ein frå øverste administrasjon skal så coachane og dei tre rektorane delta på MOT-coachkurs i Trondheim i januar 2019. MOT i skulane vert starta opp hausten 2019. Det skal vere samlingar veke 33 for tilsette på skulane. For dei tilsette i kommunen vert det foredrag med Rune Bratseth i mars-april 2019.

Det vert meir informasjon til tilsette og innbyggjarar når ein kjem i gang med MOT arbeidet. Prosjektet  med MOT i Fjord kommune er betemt av fellesnemnda og er budsjettert inn for 2019.