Laurdagsope for førehandsrøysting - 31. august

Klikk for stort bileteDet vert høve til å førehandsrøyste laurdag 31. august ved omsorgsbustaden i Eidsdal frå kl 11.00-13.00, ved kommunehuset i Stordal og rådhuset i Valldal frå kl. 14.00-16.00.


Det er ope for førehandsrøysting alle dagar t.o.m.06.09.2019 på kommunehuset i Stordal
og rådhuset i Valldal frå kl  09.00-15.00.

Om du oppheld deg i ein annan kommune i landet kan du også førehandsstemme der i same tidsrom og røystesetelen vil verte vidaresendt til kommunen du tilhøyrer.

Dersom du ikkje kan møte opp i røystelokale på valdagen grunna sjukdom eller uførleik, kan du få røyste heime eller der du oppheld deg. Frist for å søkje om ambulerande røysting er 04. september.

 

Adressa til valstyret er: Fjord valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal.

Evt. tlf.70258800/70279100, e-post til: post@norddal.kommune.no eller postmottak@stordal.kommune.no