Kunstkurs

Klikk for stort bileteEr du mellom 11 og 16 år og interessert i teikning og måling? Då kan dette kurset vere noko for deg!

Kulturskulen i nye Fjord kommune arrangerer felles kunstkurs i veke 42–50. Fokuset kjem til å vere på bildekunst, og deltakarane får prøve ulike teknikkar innanfor teikning og måling. Kurset blir avslutta med ei utstilling i veke 50.

Vi har to svært dyktige instruktørar for kurset; K&H-lærar May Siri Sandnes og kunstnar Elida Brenna Linge.

Kunstkurset er for elevar i 6.-10.klasse, og vi ønskjer deltakarar frå heile den nye kommunen.

Då vi har fått støtte frå Fjord kommune sitt Kulturbyggingsfond for å arrangere kurset, er vi glade for å kunne tilby dette flotte opplegget til ei svært låg kursavgift for deltakarane – kun kr. 700,- inkludert materiell.

Men det er avgrensa med plassar, så ver rask med å melde deg på om du har lyst til å delta!

 

Tidspunkt: tysdagar kl. 18.00-19.30

Oppstart: tysdag 15. oktober

Kursstad: Valldal skule, K&H-rommet

 

Påmelding seinast innan 2.oktober til: goril.vidhammer@norddal.kommune.no

Har du spørsmål? Ta kontakt med rektor Gøril Vidhammer på tlf. 916 999 39