Felles ungdomsrådsmøte

Klikk for stort bilete Torsdag 15. november vart det gjennomført felles ungdomsråd for Norddal og Stordal ungdomsråd på Frivilligsentralen i Stordal. Kvelden vart nytta til å verte kjende med kvarandre og førebu ei framtidig etablering av Fjord ungdomsråd.

Dei to rådmennene presenterte først dei to sjølvstendige kommunane ein har i dag, og administrasjonssjefen presenterte deretter arbeidet med bygging av Fjord kommune.

Sekretær for ungdomsrådet i Stordal orienterte til slutt om ungdomsrådsarbeid generelt.

Ungdommane kom med ønskje om å arrangere ein sosial aktivitet i løpet av 2019.