Bli med til Vardefjellet

Klikk for stort bilete Torsdag 23. mai går Vekas tur i Fjord kommune til Vardefjellet i Valldal. Her er det flott utsyn til fjord og fjell, frå Tafjordfjella i aust til Slogen og Sunnmørsalpane i vest. Oppmøte på Klovset kl 1800.

Klikk for stort bilete Vardefjellet ligg 893 moh. og er ein forholdsvis lett topptur. Vi får flott utsikt til store delar av Norddal kommune og delar av Stranda kommune, og også til mange av dei høgste toppane i området, til dømes Slogen, Grjotet, Torvløysa og innover Tafjordfjella. Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. I heile landet var det eit system med vetefjell der det var fri sikt frå det eine vetefjellet til det neste. Det var difor viktig at slike vetefjell hadde god utsikt både til nærliggjande vetefjell og til bygdene i området, slik at folk vart varsla.

Turen startar frå Klovset (549 moh), som er seter for Linge og Lingås. Her er det god parkeringsplass og informasjonstavle med flyfoto der det er teikna inn ulike turruter i området.
Det går bratt oppover i starten. Eit stykke oppi lia deler råsa seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Råsa går vidare oppover og vestover i ope og lett fjellterreng med godt utsyn over fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer vi det idylliske Vardevatnet. Vi reknar om lag ein time opp med jamn gange.

Oppmøte på parkeringsplassen på Klovset kl 18.00. NB! Bomveg. Ferje frå Eidsdal kl 1715.
Vi oppfordrar til samkøyring frå Lingås, dei som ønskjer det kan møte der kl 1745 og avtale seg imellom.
Det er også muleg å gå frå parkeringsplassen på Lingås. Rekne 30-60 min gange på grusveg.

Turen tek 2-3 timar, og passar også godt for born. Ta med kveldsmaten så nyt vi den på toppen. Det ligg framleis att nokre snøflekkar i råsa, men det er greitt å gå. Råsa kan vere litt våt enkelte stadar, så bruk gode sko.
Turleiar er Valldal IL trim /Jørg Barthel.

Vel møtt til ein trivelig tur som vert belønna med ei fantastisk utsikt!

Klikk for stort bilete Program framover:

Måndag 27. mai går turen til Kjellsura i Dalsbygda/ Norddal.

Torsdag 30. mai: Ruggå frå Hauge, Fjørå

Måndag 3. juni: Bygdevandring på Dyrkorn

Torsdag 6. juni: Vikasætra i Fjørå

Torsdag 13. juni: Storsvingen i Tafjord

Vekas tur i Fjord kommune (PDF, 442 kB)