Arbeidsgrupper

Det er nedsett åtte arbeidsgrupper som har kartlagt nosituasjonen innanfor sine fagområder.

Arbeidet går ut på å få oversikt og kartlegge dei ulike tenesteområda i kommunane.

Organisering, planar, avtalar, interne reglement, samarbeidsavtalar, interkommunale samarbeid mm. vert ein del av det ein må arbeide seg gjennom.

 

Arbeidsgruppene må innanfor sitt tenesteområde få kartlagt:

  • Korleis er tenesteområdet organisert i dag (beskriving og teikne eit kart)?
  • Kor mange tilstte er det og kva faggrupper er dei fordelte på?
  • Kva slags avtalar har ein mellom partane, og kva for interne reglement finns innanfor tenesteområdet?
  • Kva slags samarbeidsavtalar finst innanfor tenesteområdet, og med kven (fagsamarbeid, IKS, vertskommunesamarbeid mm)?
  • Kva planar finst for utvikling av tenesteområdet.

 

Det er seinare bestemt at interkommunale samarbeid (IKS) skal handsamast av administrasjonen for Fjord kommune.